Songar om kapital og moral (NO)

– Vi har musikk nok til mange prosjekt. Men vi satsar på politikken, seier Maja S. K. Ratkje om Kapital & Moral.

Dag og Tid 29.april 2016

KapitalPressebildeKomponisten og musikaren med det fulle namnet Maja Solveig Kjelstrup Ratkje har i mange år samarbeida med samtidstrioen POING, med saksofonist Rolf-Erik Nystrøm, bassist Håkon Thelin og trekkspelar Frode Haltli. Med konsertar natt til første mai med eit stort repertoar av song, samla dei frå 2001 eit vekslande publikum på mange slags spelestader. Samarbeidet starta for alvor då samtidsmusikaren Ratkje i 1999 skreiv stykket ”essential extensions”. Songar av Kurt Weill og Bertolt Brecht kom på repertoaret og i 2011 kom albumet Wach Auf, som fekk strålande kritikkar.

– Vi vart løfta av det og sidan har vi turnert i inn og utland på alle slags festivalar, og vi gjorde konsertar med repertoaret vårt i Paris, Gent, Bologna, New York og København. På festivalar i Noreg song vi ofte med lokale kor, seier Ratkje.

På det nye albumet spelar dei songar frå John Lennons “Working Class Hero” til “Alabama Song” av Bertolt Brecht og Kurt Weill. Rudolf Nilsen, Tom Waits, Alf Prøysen med fleire er representerte på albumet. To spor inkluderer gamle opptak frå Valkyrien Restaurant og Josefine Vertshus i Oslo, resten er spelt inn Propeller Studio i Oslo i fjor.

– Kva er den musikalske og politiske tråden?

– Sidan vi byrja på klubbane i 2001 har Brecht, Weill og Hans Eisler vore eit kjernerepertoar, og i forlenginga av det har vi inkludert arbeidarsongar frå alle tider. Vi har laga eit album med tekstar på norsk, tysk og engelsk som krinsar rundt politikk, moral, framandgjering.

– Det er eit band med samtids- og impromusikarar. Korleis pregar det resultatet?

– Dette er eit live-basert ensemble der arrangementa er veldig spontane. Vi er musikarar som har hengt saman sidan studietida, og med det opplegget vi har no høver det både POING og meg veldig godt. Det gjeld også det politiske aspektet som ligg under. Vi har mykje repertoar vi kunne laga musikk rundt, men vi satsar på det vi tykkjer er viktig.

Det seier Maja S. K. Ratkje, som er både musikar og komponist. Ho skriv verk, opera, musikk for film og teater med meir og er sentral på den norske impro-scena. Legg til mange prisar, og ho har gitt ut over hundre plater, og ho er med i gruppa SPUNK med Kristin Andersen, Lene Grenager og Hild Sofie Tafjord.

– Vi hadde tjueårsjubileum på Victoria i Oslo i fjor, og etter kvart kjem jubileumskonserten på plate.

– Du har mykje å stå i med?

– Ja, og eg lever eit normalt familieliv. Eg har levd av å vere frilans i tjue år, og trivest på alle måtar med det, og eg likar godt å leve i spennet mellom alt frå prosjektet med POING til støymusikk.

Der har også Åge Aleksandersen funne plass på plata Kapital & Moral med ”Fremmed fugl”, og Alf Prøysen med ”Slipsteinsvalsen”.

Plata sluttar med Brecht og Weills ”Alabama Song”, udøyeleggjord av Doors og David Bowie.

Roald Helgheim

Foto: Geir Dokken

 

Scroll to Top