Radio Revolt:
photo: Mizuho YabeSPUNK og Joëlle Léandre
Innanfor improvisasjon og ny-musikk er bassisten Joëlle Léandre i ferd med å bli ei levande legende. Saman med dei andre damene i SPUNK gav ho oss ein tilnærma perfekt konsert.
Det første strekket blir bygd opp av vekslande korte fraser som skyt fram og tilbake over scena medan intensiteten stig gradvis. Samspelet er heilt utruleg og det er soleklart at alle fem storkosar seg.
Etter det fylgde to solonummer med Léandre. Ho overbeviser frå første stryk med bogen, og har eit sjølvsikkert og ekstremt uttrykk, samtidig som det er herleg upretensiøst. Så hentar ho dei andre fram og set seg roleg i bakgrunnen for å lytte, og jentene i SPUNK får herje litt åleine.
No glir det tidvis over i eit meir melankolsk og skjørt uttrykk, men det er ei hårfin linje mellom stygt og vakkert her og slik held dei på spenninga heile vegen. Til slutt blir Maja Ratkje så gira at ho vinkar ivrig til Léandre for å få ho tilbake på scena og dei avsluttar saman.
Energien og spelegleda stig meir og meir, og når det heile er over ser det ut som damene på scena er like gira på meir som vi er. Fantastisk!
Olav Opsvik