– Eg er skeptisk til det folk flest kallar vakkert (NO)

Publisert i Dag og Tid 17.06.11

Av Benedicte Maurseth

Ein ung folkemusikar snakkar med ein etablert samtidsmusikar om god og dårleg kunst, kvalitet og godt handverk.

Kva er kunst for deg, Maja Ratkje?

– Kunst er noko ab­strakt, ei oppleving som ikkje kan reduserast til noko fengjande med få ord. Å oppleva kunst er å ta i bruk heile sanseapparatet. For at me skal oppleva noko som helst, må kunsten vera noko uvanleg, noko «kunstig». På sitt beste gjev kunsten oss ei aha-oppleving som gjer at me kan sjå verda i eit nytt ljos og høyra med nye øyro. På den måten kan me læra noko nytt om oss sjølve og det me om­­gjev oss med.

– Kva er god karisma?

– Det har ingenting å gjera med å stå fremst på scenekanten og flørta med publikum, iallfall. Det krev det motsette, eit omsyn til publikum. God karisma kan like gjerne vera innoverretta energi, samanlikna med ein som står og hoppar opp og ned og peikar på seg sjølv og ropar: «Sjå på meg!»

– Når er kunst god, og når er han dårleg?

– God kunst er å tyda verda og formidla ei heilt ny oppleving av henne. Det krev gode ferdigheiter. Ein må kunna distansera seg frå dei kjenslene som styrer ein i augneblinken, og samstundes vera til stades og i eitt med det som skjer.

– Dårleg kunst, derimot, er ikkje kunst?

– Det meste som vert laga, er ikkje stor kunst, men kan vera interessant likevel. Alt treng ikkje å vera stor kunst heile tida heller, spør du meg, det er viktig at kunstnarar har det moro og tek sjansar.

Kunst og handverk

– Eg tykkjer ofte at noko er dårleg sjølv om mange tenkjer det motsette. Eg kan ikkje utstå sjølvhøgtidlege kunstnarar som brettar ut privatlivet i eit freistnad på å verka meir «ærlege». Det er jo oppskatta no i vår tid med røyndomsfjernsyn over det heile.

– Kva er kvalitet?

– Ordet knyter eg til det å levera uomtvisteleg godt arbeid. Og når ein god idé vert forvandla gjennom dei verkemidla ein tek i bruk, til noko endå betre – då er det godt arbeid. Kvalitet kan også vera å syna ambivalens eller å ikkje lata seg freista av det føre­seielege. Verkeleg kvalitet druknar ofte i ytre motiv som sals­appell og tidsånd.

– Kva skil kunstnaren frå hand­verkaren?

– Kunstnaren arbeider meir med idear enn det handverkaren gjer. Kunstnarar arbeider fritt utan tanke på bruksverdi. Mykje konseptkunst er å syna fram ideane slik dei er, og handverket vert til noko anna enn det å vera dyktig innanfor eit fag der du til dømes lyt øva masse. Ikkje alle store kunstnarar har godt handverk, men i musikk er det ikkje lett å sleppa unna utan godt handverk.

– Kva gjer ein melodi til ein god melodi?

– Ein god melodi følgjer pusten. Kroppen tek han til seg slik han syng, difor må han ikkje vera laga slik at han aldri trekkjer pusten.

Det styggvakre

– Korleis stiller du deg til tradisjon og det slitne ordet «ny­­­skaping» som komponist i dag?

– Noko av det mest nyskapande i dag, og då tenkjer eg ikkje særskilt på musikk, er det som tek stilling til tradisjonen. Ei mykje bruka setning er: «Tradisjon er å bryta med tradisjonen.» Det er ved å ta stilling til tradisjonen at ein kjem ut i nye far.

– Kva musikk er det som treffer deg, og kvifor?

– Noko musikk trur eg på. Ikkje fordi det absolutt skal vera «dønn ærleg», men fordi det treffer meg slik at eg kjenner meg att i noko. Det gjev meg ei stor lukke og ei kjensle av noko sambunde. Musikk må ha ei kraft over seg som berre må seiast, som kjem frå hjarta.

– Kva er vakkert?

– Eg er skeptisk til det folk flest kallar vakkert fordi eg får ikkje noko ut av det som er overflatisk og sjølvutleverande, som til dømes popmusikken. Det er for meg berre støy. Det vakre kjem fram gjennom friksjon. Støymusikken eg høyrer på, har ofte noko sentimentalt og melodisk ved seg oppi alt bråket. Eg likar det styggvakre, det doble.

Benedicte Maurseth er folkemusikar
Scroll to Top