Kraftfull avslutning (NO)

Ultima sin avslutningskonsert knytte saman fortid og notid på mektig vis.

Ida Habbestad, Dagsavisen 20.09.10. (Photo by Lasse Marhaug.)

“Crepuscular Hour” av Maja Ratkje er tinga av Ultima, skrive for tre kor, seks støymusikarar og ein organist med eit massivt kyrkjerom som utspelsplass. Det avslutta òg korfestivalen Tenso Days, som mogleggjorde at tre profesjonelle kor sto for urframføringa av verket.

‘Crepuscular rays’ er solstrålar som liknar lyssøyler, slik dei trengjer gjennom opningar i tett skog eller vindauga i mørke katedralar.

“Crepuscular Hour” opplevdes som eit strekk av slike opningar, der strålane ikkje var statiske men i langsam utvikling, somme gonger på grensa til smertefulle å sjå direkte på.

Som utgangspunkt har Ratkje sett samen materiale frå komposisjonar av det 20. århundrets komponistar. Messiaen, Xenakis, Ligeti, Scelsi og Nono har laga somme av dei mest eksperimenterande nyare stykke for kor – vokale uttrykk som i liten grad er teken vidare. Slik sett var “Crepuscular Hour” ei kjærkomen forlenging av komponistane sine idear, plassert i ein nyare kontekst.

Nono sitt eteriske uttrykk kunne til dømes sjåast motiverande i innleiinga. Det lange droneprega strekket synte slektskap til dette samt Ligeti sine utstrakte klangflater. Messiaen og Xenakis sin kjærleik for gløymde språk svevde som ein assosiasjon då spelet mellom vokalar og konsonantar fekk danna sitt eige homofone uttrykk.

Samansetjinga av vokalt materiale var altså snedig. Like fascinerane var improvisasjonane som støymusikarane gjorde: Dei lukkast å forsterka og utsmykka veven som var sett i spel. Balansen mellom støy og stemme var framifrå, vekslinga i val av effektar likeeins. Somme gonger tilførte dei sydande materiale under eit langstrakt klangteppe; andre gonger føydde dei seg til det vokale uttrykket, alltid i tett dialog med strukturane i dette. Eg lika den seige, føreseielege oppbygginga, eit einaste langt crescendo mot eit høgdepunkt, med ei solid mengd variasjonar undervegs, prega av tålmod framfor ei utblåsing.

(…)

Scroll to Top