Med øyreproppar i kyrkja (NO)

av Sigrun Sæbø Åland 17.09.2010
fra ballade.no

Med avslutninga av Ultimafestivalen rett rundt hjørnet, er det endeleg klart for urframføringa av Maja Ratkje sitt nye verk ”Crepuscular Hour UP”. Dette er eit verk for kor og støymusikk, som er laga på bestilling frå Tenso days, som i år har funne stad i Oslo på bakgrunn av samarbeid med Ultimafestivalen.

Verket er noko så spesielt som eit samarbeid mellom tre av Europa sine beste profesjonelle kor, samt ei rekkje anerkjende norske støymusikarar. I tillegg til Nederlands Kamerkoor, Latvijas Radio Koris og Det Norske Solistkor, vil også Antoine Chessex, Lasse Marhaug, Sten Ove Toft, Per Gisle Galåen, Stian Westerhus, Kjetil Hansen og organist Nils Henrik Asheim innta scena. Komponist Maja Ratkje kan fortelje at dette verket har vorte laga med utgangspunkt i eit moderne standarrepertoar for kor.

– Eg har nytta verk frå fem av mine store forbilde, Iannis Xenakis, György Ligeti, Giacinto Scelci, Luigi Nono og Olivier Messiaen. Eg har valt eit kjent verk frå kvar av desse, og funne utdrag som eg har dradd ut i tid, re-komponert og lagt til element over og rundt. Eg lette etter element som passa til det uttrykket er var ute etter, noko eg hadde ei klar fornemming om på førehand, i desse standarverka for kor.

Øyreproppar til dei trengande

Det er fleire ting som skal klaffe når ein kombinerer korsong med støymusikk. Ei utfordring kan vere å tilpasse volumnivået, ei anna utfordring kan vere møtet mellom notasjon og improvisasjon. Ratkje kan fortelje at ho har vore litt stressa, men at alt klaffa ved gjennomgang.

– Det fungerer kjempe bra! Eg er veldig glad for det eg høyrer. Det har vore litt stress grunna kort prøvetid, men vi trur absolutt det kan bli veldig vakkert. Denne konserten er jo avslutninga både på Ultima Noise Fest, Tenso days og Heile Ultimafestivalen, så vi reknar med eit mangfaldig publikum. Det vert nytta mikrofonar på koret, og vi deler ut øyreproppar til dei som måtte trenge det.

– Tema for Ultima har vore handverk. Kva meiner du er godt handverk innanfor ein mangfaldig sjanger som samtidsmusikk?

– Som komponist og musikar jo eg oppteken av handverk, og meiner det er essensielt innanfor det å komponere og musisere. Godt handverk krev ei lang utdanning, eller eventuelt mykje trening. Det handlar om å kunne kontrollere verkemidla ein nyttar, og ikkje overlate ting til tilfeldige faktorar. Det å miste kontrollen er jo også eit handverk, men det må vere sjølvvalt.

Urframføringa av ”Crepuscular Hour UP” finn stad i Uranienborg kyrkje, laurdag 18.september kl 19.00. Ei samtale med Tenso-komponistane Karin Rehnqvist, Lasse Thoresen og Maja Ratkje, finn stad i Uranienborg Menighetshus same dag, kl 16.00

Read about the work here.
This entry was posted in Interviews in Norwegian, Danish, Swedish. Bookmark the permalink.

Comments are closed.