Stangvikfestivalen “tjuvstartet” (NO)

Trioen Poing og Maja Ratkje. Frå venstre Frode Haltli, Maja Ratkje, Rolf Erik Nystrøm og Håkon Thelin. Foto: Jon Olav Ørsal

fra Driva.no 30.07.2010

Eit variert program med proffe musikarar sørgja for god underhaldning til todalingar og andre som hadde teke plass på Pakkhuset Kro for å få med seg starten på Stangvikfestialen 2010.

Og dei vart ikkje skuffa. Det heile starta med ”Polka med støyt”, der surnadalingen Anders Larsen trakterte fiolinen. Vidare gikk det slag i slag fram til kveldens høgdepunkt som var trioen Piong som var forsterka med festivalkomponist Maja Ratkje med song.

Stangvikfestivalen 2010 fortsett i Stangvika fredag, med opningskonsert på Prestgarden, festivalutstilling i Bondehuset og Krimkveld i Bondehuset. Festivalen held det gåande heilt til søndag kveld, da dei rundar av med ”Duell på kyrkjebakken”. Tjuvstarten i Todalen lovar godt, og publikum har nok mykje å gle seg til under festivalhelga i Stangvika.

Scroll to Top