Får mykje ros for megafonen (NO)

NRK>Nyheter>Distrikt>NRK Sogn og Fjordane
Vidar Gudvangen
Publisert 28.05.2010 21:43

– Festspilla har satt pris på både dei kunstnarlege og politiske sidene ved verket.

Det seier Torkil Sandsund frå Fjaler, som saman med Wenche Wefting har produsert kunstverket som er eit musikkverk spelt på ein enorm 10 meter lang megafon, kalla «Desibel».

Oddekalv trugar med politimelding

Torsdag gjekk miljøvern-kjendis Kurt Oddekalv ut i ba.no og truga med å politimelde kunstverket som tre gongar dagleg spelar Sandsund og Wefring sitt verk i Vågen under Festspillene i Bergen.

Saka vart også fanga opp av NRK Sogn og Fjordane.

Oddekalv var forbanna over det han kalla lydforureining av verste sort, og viste til at lyden frå megafonen var på 128 desibel.

– Blir det ikkje slutt på dette, vil eg vurdere å politimelde saka, sa Oddekalv.

Men Sandsund fryktar ikkje Oddekvalv sine trugslar.

Godkjent av kommunen

– Oppføringa er godkjend av kommunen og ufarleg då ingen er tvinga til å vere innanfor faresona. Ein kan sjølve gå så nærme ein vil. Og dei som oppsøker å oppleve den på nært hald let seg fasinere av denne komposisjoen si kraft. Men ein kan og nyte denne komposisjonen heilt utan fare på betryggande avstand, seier Sandsund.

Han viser til at målingane på 120-130 db er målt heilt inntil megafonen.

– Står du ved vegen er støyen frå bussane gode konkurentar til konserten . Men den er vi så vand med at vi ikkje høyrer den på same måte. Musikken til dette hornet er komponert av Maja Ratkje som er ein av dei i dag mest anerkjende norske komponistane. Og lyden er som ein agressiv styggvakker lang fanfare., seier Sandsund.

– Folk flest deler ikkje Oddekalv sitt syn

32-åringen frå Fjaler som har gjort karriere som teaterregissør, trur heller ikkje den vanlege bergensaren let seg oppildne over kunstverket.

– På BA.no sin debatt under Oddekalv-saka ser ein at dei fleste ikkje deler Oddekalv sit syn. Dette trur eg gjeld både bergensarar generelt og publikum spesielt, seier Sandsund.

Det har ikkje lykkast NRK å få kommentar frå festspeldirektør Per Boye Hansen fredag kveld.

[intlink id="243" type="post"]Desibel[/intlink]
Scroll to Top