More Kapital & Moral reviews in Norwegian

Aktualiserer gamal tradisjon

Dag og Tid:

Politik og musikk kan gjerne miksast berre om ein gjer det på rette måten.

KapitalMoralCoverIkkje tilfeldig ligg denne utgjevinga føre tett opp mot 1. Mai og konserten dette ensemblet plar gjennomføra natta for dagen. Plata er ein oppfølgjar til Wach auf! (2011).

Samarbeidet mellom samtidstrioen POING og Ratkje tok til i 1999 då sistnemnde skreiv tingingsverket essential extensions til trioen. Alt året etter var det duka for det første konsertsamarbeidet mellom dei fire.

Konseptet for platene som for konsertane er det dei kallar ”En tilsynelatende usakling blanding…” av låter. Hummar og kanari, ja vel, men med denne kvartetten kan det meste passera. Dei miksar inderlegheita til folkemusikken med den virtuose stålkontrollen på instrumentarium og intonasjonen som ein finn i kunstmusikken.

Kvartetten og medprodusent Kåre Chr. Vestrheim har børsta støvet av live-versjonar av Brecht/Weill-låtane ”Die Ballade vom angenehmen Leben” og ”Alabama Song” frå 2001, noko som illustrerer at kvartetten anno 2015 ikkje er så lang unna utgangspunktet. Uttrykket kan variera frå det sarte, nøkterne i Rudolf Nilsens ”En vise om kinabarna” og Brecht/Weills ”Nannas Lied” til det tilnærma primalskriket i finalen på Lennons ”Workingclass Hero”.

Ensemble av dette kalibret evnar gjennom særmerkte tolkningar å gje låtar ny meining og nyt liv. På denne plata er et Åge Aleksandersens ”Fremmed fugl” som får ei slik heldig bearbeiding.

Lars Mossefinn
[intlink id="9226" type="post"]Record link[/intlink]

Jazznytt:

“Det er forfriskende uironisk – morsomt og gravalvorlig på en gang, og et par av låtene svinger skikkelig: “Fremmed fulg” er beklagelig aktuell i disse flyktningetider og sklir ut i desperate hyl, “Slipsteinsvalsen” er sint og stor, og Weills “Alabama Song” er den perfekte låten å sende de kulturelt revolusjonære ut i sommernatten med”. (Maren Ørstavik)

Scroll to Top