Årets All Ears-finale svarte til forventningene (NO)

Jazznytt # 234 2015:

Det er kanskje vanskelig å tru det, men i år feirar kvartetten SPUNK, med Kristin Andersen, Lene Grenager, Hild Sofie Tafjord og Maja Solveig Kjelstrup Ratkje, heile 20 år. Det har vore, og er framleis, ei lang rekke prosjekt, og ikkje minst ni album. Ein aktiv og produktiv kvartett som veit å setje seg inn i stadig nye samanhengar.

All Ears er heilt klart ein verdig kandidat til å opne SPUNK’s 20-årsjubileum. Og ikkje minst er det høveleg å slå på stortromma og få med seg sjølvaste Joëlle Léandre på ein slik dag, ein storleik i europeisk improvisasjonsmusikk som har samarbeida med ei lang rekke andre betydelege aktørar som Steve Lacy og John Cage, for å nemne nokre.

All Ears-avsluttinga var ikkje første gangen SPUNK og Léandre samarbeida. Sjølv hugsar eg svært godt ein konsert under Moldejazz for nokre år tilbake – ei stor oppleving! Denne gangen var det enda betre. SPUNK har ei unik evne til å røre seg som ei einskild organisme, og Léandre var denne gangen fullstendig integrert i dei ulike krumspringa som oppstod undervegs. Det blei ein kvintett, ikkje ein kvartett med gjesteartist. Denne kvintetten var bygd opp av svært sterke og eigenrådige stemmer, og musikken blei som eit stort lappeteppe av ulike idéar som gjekk i alle retningar. Men det blei også eit puslespel som løyste seg heilt perfekt. Eit enormt imponerande samspel – sjølv på dette nivået. Måtte dei halde på i tjue år til, minst.

Olav Opsvik
 
joelle
Scroll to Top