Intelligent liv på havbotnen (NO)

Scenekunst for barn? Ja, eller som demonstrert i Korall koral -en babyopera: Scenekunst for dei aller minste forstått som djup og fri intelligens.

Av Elin Høyland, publisert i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift 2 / 2011

Under ein kvit lerretsduk spent over bua stålsrøyr, forma som eit skjell, sitt ei klynge med vaksne og born. Dei fleste av borna ein stad mellom eit og to år vil eg gjette. Og, ja, rett nok er dei vaksne og invitert, men aldersgrensa for førestillinga er den heller sjeldne kategorien teatergjengar å finne i foajéane: born mellom 0-3 år.

På golvet føre oss dekka av ein lysegrøn «plysjplen», kjem to figurar krypande inn frå kvar sin kant. Dei to kvinnelege sceneaktørane likner sjøanemoner, eller berre fabelfigurar frå havet kor namn og ord ikkje er viktige; dei berre er der, ikkje ulikt dei små menneska, med sin utprega form for intuitiv intelligens, og eit i seg sjølv komplett nærvær.

Korall koral -en babyopera hadde premiere i 2009 i samarbeid mellom Hanne Dieserud og Christina Lindgren (konsept, produksjon og regi), Den Norske Opera og Ballett og Riksteatret. Dette etter at trioen gjorde suksess med førestillinga Høyt oppe i fjellet, og til no er Korall koral sett av over 8000. Sentralt i konseptet står komponist Maja Ratkje sitt lydbilete som er utvikla i tett samarbeid med Lindgren, mest kjent for sitt mangeårige arbeid som scenograf. Her har ho skapt objekt som fungerer både som instrument og som sceniske figurar i rommet – for eksempel eit konkylieskjell som «syng» ut Ratkjes komposisjon av russiske og polynesiske gloser, eit leikent språk det går an å tenke seg at borna kan kjenne igjen.

Oseansk klangrom

Trioen Dieserud/ Lindgren/ Ratkje representerer ein kunstnarisk kompleksitet som vever seg saman til eit hav av klang og underfundige figurar i førestillinga, der det oseanske er den uttala gjennomgangstematikken. Kvaliteten er til å ta og føle på, og komposisjon, scenografi, sang og dans, kjem saman ut i eit sansestimulerande spel.

Fascinasjonen for det heile var og tydeleg blant publikummet. Store augo, latter og tillaup til gråt, og ikkje minst direkte tilrop frå ein liten teatergjengar kom fram undervegs: – Ja!, ropa han plutseleg og klappa i hendene, når «sjøanemonearien» trilla over havbotnen, eller havhestharpa blei spela på. Sistnemnde var eit vakkert strengeinstrument med jernkropp med noko tilnærma ein havhestform. Teikna av Lindgren og utforma av komponist og instrumentutviklar Jon Halvor Bjørnseth og smeden Merete Nilsen Bua. Dei to sceneaktørane (ambulerande iscenesatt av Hanne Dieserud, Silje Aker Johnsen, Hanna Gjermundrød or Camilla Vislie) går inn i eit smektande rørslespråk kor dei stadig skifter form og tone, gjennom stemme og dei instrumentelle «havdyra». Dramaturgien skifter mellom det meditativt saktegåande og det meir ekspresjonistiske, kor det potensielt humoristiske ikkje vipper over i klovneri. Her finnast ingen enkel dikotomi mellom tøys og alvor, og der kjem respekten for dei minste sin eigen eksistensform klart inn i bilete; det å gå rundt med store augo og seie ka ka ka, må ikkje vere noko å le av. Det kan vere ramme alvor. Eller berre er ein fin ting å gjere.

Både Dieserud og Lindgren har (blant mykje anna) arbeida med Lars Øino sitt Artaudinspirerte Grusomhetens Teater, og i kombinasjon med Ratkjes lydkunst prega av «found sound» og ein stemmebruk som utvider den til eit instrumentalt og tonemessig wunder-kammer, får vi ein trio med nyansert og utvikla sans for utanom-linjære forteljargrep. I Korall korall går dei estetiske elementa inn i eit nærast tidlaust rom av polyfoni, og det ein kan kalle eit avantgardistisk kvalitetsbegrep går her hand i hand med bornet sin naturlige sans for formmessig og audiovisuell tiltrekningskraft, og ja, intelligens.

Den openbare fascinasjonen for figurane og lydspelet blei og til desto større glede når dei to havfigurane deler ut havdyr og planter som alle lar seg riste eller spele på. Borna får ta og kjenne på og ikkje minst utforske korleis lydane blir til.

Estetisk pedagogikk?

Scenekunst for barn mellom 0-3 år må kunne kallast ei ny framveksande nisje i takt med vår aukande kunnskap om bornet sine evner og utviklingsstadia. Satsinga blei i Norge synleggjort gjennom det treårige norsk-initierte EU-samarbeidet Glitterbird (tidl. Klangfugl) med eksplisitt mål om å skape kunst for denne målgruppa. Det generelle fokuset på kunst for born og unge har både før og etter trigga spørsmål om det estetiske og/versus det pedagogiske som skaper både strid og eit generelt rop om utvikling. Ein tematikk no plukka opp i Kunstløftet, eit initiativ under Norsk Kulturråd oppretta i 2008 med mål om gi kunst for barn og unge eit «kvalitativt løft», med det underliggjande spørsmålet: Kva kan og bør kunstnarisk kvalitet for barn og unge vere i vår tid? Komplekset av korleis teater- og scenekunstproduksjon kan imøtekome, vere del av, og utfordre mediekulturen med sine forføringsmekanismar og interaktive rom står sentralt her, men, kanskje i sær for dei aller minste, følgjer eit anna viktig spørsmål, om korleis vi forvalter tida vår i samværet med dei små. I boka The genius of natural childhood (2011 Hawthorn Press), av britiske Sally Blythe, understreker ho sangen som ein form for «dunderkur» for dei minste borna sin intelligensutvikling, og samstundes poengterer ho korleis fokuset på lesing og skriving i den tidlige barndomen hindrer den optimale utviklinga av bornet sine evner til innlæring og utvikling. Kroppen må vere med, innlysande nok, fordi den alltid er der.

Med Korall korall har vi ikkje berre fått babyopera, noko som i seg sjølv er unikt i verdssamband, men eit eksempel på korleis kvalitet i kunst for barn og unge ikkje treng handle om kva vi skal lære dei, men kva vi kan leggje i kunsten om me opner oss for å revurdere eksistensen på premissane til den intelligensforma dei minste menneskekroppane rommer og utøver. Då kan ein, som førestillinga her minner om, finne sjeldne og energigivande korallrev å kvile på, i eit eksistenshav me kanskje stadig som vaksne prøver for hardt å fange inn i system av papir, saks og stein.

Scroll to Top