Ein cyborg på Svartskog (NO)

by Ida Habbestad, 08.05.2009
fra ballade.no

Me snakkar om stoda som oppstår når den som er kjend som ung, modig, opposisjonell og nyskapande med eitt finn seg etablert i hus på Svartskog – i stille omgjevnader og med familie. Langt mindre klar for dei opp mot 200 årlege reisedagane ho nokså fandenivolsk la opp til, då ho ein gong ville syna at det ikkje er heime det skjer.

Maja Solveig Kjelstrup Ratkje er etterkvart godt teken i mot òg her heime. Med ei monaleg mengd konsertar, hyppige plateutgjevingar og, med tanke på feltet ho opererer innan, eit nokså overveldande gjennomslag i mediene – har stemma hennar etterkvart blitt allment eige.

Hennar musikalske identitet er mangesidig – men også tydeleg. Om ho som improvisatør enn varierer mellom det aggressive, det absurde, det impulsive og lyttande, vil den som kjenner Ratkje si stemme snart kunna identifisera den. (lytt dømevis til tekstlesinga på heimesida hennar, eller dette klippet på youtube).

Noko av det same – gradvis fastsette ved uttrykket – kan ein kanskje påpeika om heile miljøet ho er ein del av.

– Det har etterhvert blitt utrolig mange som arbeider på i grenselandet mellom samtidsmusikk, elektronika, støy, performance og lydkunst. Se bare på hva Dans For Voksne har fått til, eller den nye konsertserien på Henie Onstad. Det som før var et undergrunnsmiljø blir mer og mer dratt inn på større scener, seier Ratkje nøgd.

Og det er difor ho vonar – med mykje latter og på ramme alvor – at der finst 20-åringar der ute som ser på hennar generasjon som gamal og satt, og som er klare for å starta med nye ting.

– Det er ungdommen sin plikt å være i opposisjon mot det etablerte, seier Ratkje.

Eksklusiv og varm

Samstundes vil der stå mykje att før uttrykket ho representerer er å sjå som nokon mainstream. Med unntak av eit fåtal festivalar som naturleg femner Ratkje sin musikk, er ho stadig å finna som alibiet for det spesielle. Beteiknande er tinginga frå Den Norske Opera & Ballett – på ein baby-opera som har framføringar i husets foajé. Musikken hennar finn ofte plass på sidescener – gjerne seint på kvelden.

Heller ikkje det å gje ut ein LP er noko vanleg prosjekt i dag. Med eit opplag på 500 vert det eksklusive ved utgjevinga av ”Cyborgic” understreka; det er ikkje er gitt at så mange som mogleg skal kunna eiga den.

– Det var Rune (Kristoffersen i Rune Grammofon, red anm) som kontaktet meg for å høre om jeg hadde noe materiale som kunne gis ut på LP. Jeg har gitt ut flere konsertopptak på vinyl tidligere, og hadde dette konsertopptaket som jeg var fornøyd med. Denne konserten synes jeg passer bra på vinyl; vinylen har et varmt og organisk lydbilde – med en kvalitet som man kanskje glemmer litt i fildelingsdebatten, seier Ratkje.

Menneske og maskin

Solokonsertane er improviserte, og rammene er instrumenta ho vel å bruka. Gjennom eit live-samplingprogram som Øyvind Brandtsegg har utvikla, tek ho opptak av og bearbeider lyden frå stemma, samt theremin, munnspel og bjeller. I tillegg nyttar ho noko materiale som er sampla tidlegare, samt opptak på fleire diktafonar. Frå desse er det tilfeldig kva som kjem når ho speler det av.

– Det blir et usikkerhetsmoment – og det er bra; det er viktig å slippe kontrollen, seier Ratkje.

– Men ut over det tenker jeg mye som en komponist når jeg improviserer. Jeg liker for eksempel uforutsigbare brytninger; man trenger ikke alltid å følge opp en crescendo. Jeg liker ikke når alle parametrene peker samme vei.

Ordet ”Cyborg” beteiknar ein organisme som har både kunstige og naturlege system – altså ein slags blanding mellom mennesket og maskinen. Den som lyttar til plata, vil finna ein slik sinnrik miks mellom det menneskelege og det bearbeidde, gennom eit virvar av lyd – frå det stille til det røffe, frå støy til konkrete, det energisk leikne og det meditative uttrykket.

Om dei same adjektiva godt kunne nyttast om di første soloplate,”Voice”, er der likevel ganske store skilnader. Til dømes har det romlege ein større plass på denne plata?

– Det handler nok om at dette er et konsertopptak, mens ”Voice” er produsert, seier Ratkje.

– “Cyborgic” er en dokumentasjon av noe som egentlig er tenkt utenfor CD-formatet, en live situasjon der strekkene former seg gjennom improvisasjonen, og man kan nesten høre at jeg tenker mellom linjene.

Tenkjer du så noka meining ut over det lydlege?

– ”Cyborgic” beskriver meg som aktør, og bortsett fra det er plata tenkt veldig lydlig. Stemmen er så konkret i seg selv: man oppnår ofte en veldig direkte forbindelse med lytteren. Jeg har ikke ønsket noen utenommusikalske referanser med denne utgivelsen. Jeg vil at det skal være en mangefasettert lytteopplevelse, uten føringer.

Ei slik haldning har eg høyrt deg uttala ofte, og over lang tid. Er der nokon skilnad på verksemda di – og motivasjonen for den – i dag, sett i høve til korleis det var då du byrja å gje ut musikk?

– Jeg var nok mer fascinert av nybrottsarbeid i starten; jeg var mest interessert i å lage noe uhørt. Nå tenker jeg ikke at stemmen bare skal brukes ekstremt. Jeg tenker ikke at jeg alltid skal gå mot ytterpunktene, forske på stemmen og strekke meg mot grensen av hva som er mulig.

– Jeg er mer interessert i hvordan man setter sammen ting, hvordan man sidestiller ulike typer lyder og klanger. Jeg kan tenke at ”det var en interessant tekstur i det skriket der” – men det er ikke så farlig om det er et skrik eller en annen lydkilde. Det viktige er hva jeg gjør med den.

Ratkje tenkjer seg om, og legg til;:

– Men hele tiden har kontraster vært viktige. Jeg kan aldri lage minimalistisk musikk hvor det bare er et sjikt. Jeg må ha noen kontrastfarger jeg jobber med.

Pinlege paradoks

Kontrast eller konfllikt kan sjåast som eit attendevendande tema for Ratkje – også overordna. For der mykje av musikken hennar er tenkt utelukkande lydleg, er motivasjonen bak andre verk å fremja eit synspunkt.

Som i ”Hvil”, tinga av Nordland musikkfestuke i fjor, med tekst av forfatter Aasne Linnestå, som har laga ei bøn frå jorda til menneska om å få kvile. Slik kunne Ratkje ytra motstand i pressa mot den tenkte oljeboringa i Lofoten.

Til hausten skal ho vera med på ein markering mot utbygginga av ei titangruve i Vevring på Vestlandet. Kunstnaren Geir Hjetland lagar 12 meter lange horn, Ratkje komponerer støymusikk.

Det er miljøspørsmålet som engasjerer mest?

– Absolutt. I ungdomsårene var jeg en veldig aktiv miljøverner. Nå prøver jeg å finne måter å markere dette på i musikken min, men uten at det går ut over det kunstneriske. Miljøvern er strengt tatt mye viktigere enn å lage musikk, seier Ratkje, og utdjupar:

– Det forundrer meg at det får være så store paradokser i den norske politikken. Jens Stoltenberg snakker om en miljøvernagenda på den ene siden, og samtidig snakker han om oljeutvinning. At ikke paradoksene lyser så grelt at han blir plukket ned – det er overraskende. Og at det skal være nesten pinlig å snakke om det. Et annet eksempel er StatoilHydro. Jeg synes det er uspiselig at StatoilHydro prøver å renvaske ryktet sitt ved å gi stipend til musikere.

Musikalsk minoritet

Me kunne ha snirkla inn ei lang rekkje andre tema. Rettighetsspørsmål. Likestilling. Dei som er annleis, i mindretal, uttrykk som er smale.

Og når me vender attende til utgangspunktet; kampen mot det etablerte, er slutninga at det etablerte kanskje like gjerne må definerast som ei haldning; der ein er open for endringar og ikkje resignerer ovanfor fleirtalet.

– Jeg tror nok jeg kan bidra til en politisk debatt ved å være annerledes i uttrykket mitt. Det at jeg tilhører en musikalsk minoritet åpner indirekte opp for andre tenkemåter på andre plan. Jeg håper i alle fall at det gir signaleffekter, seier ho – og understrekar:

– Men selv om det er mye opposisjon i uttrykket mitt – som gjerne må forstås som et opprør mot alt det etablerte – mener jeg at det er mer enn det.

– Musikken er tenkt rikere, seier Ratkje.

“Cyborgic” er utgiven på Rune Grammofon. Søndag er det klart for nytt plateslepp, då av “Kantarell” med Spunk. Improvisasjonsensemblet har lanseringskonsert på Henie Onstad Kunstsenter førstkomande søndag.

Read about this album [intlink id="1284" type="post"]here[/intlink].
Scroll to Top